På biblioteket kan du møte andre elevar, finne informasjon, spørje om hjelp, arbeide, lese aviser og låne bøker, dvd'ar eller tidsskrift. Vi har sittegrupper til gruppearbeid, og eigen lesesal dersom du vil fordjupe deg i fred og ro. Du kan og få hjelp til informasjonssøking, kjeldekritikk, referanseteknikk og oppgåveskriving generelt.
Les meir om:
Finne informasjon
Det finst veldig mange stader å søke etter informasjon i tillegg til papirbøker. Vår side med gode nettstader kan forhåpentlegvis hjelpe deg på veg.
Vurdere informasjon - kjeldekritikk
Det er alltid lurt å kritisk vurdere informasjonen du finn på nett eller andre stader. Les meir om kjeldekritikk.
Bruke informasjon - sitere/refere
Siter/refer riktig og unngå plagiering.
- Kjeldehenvisningar - kvifor og korleis
- Zotero og andre referanseverktøy
Del rett
Les meir om kva du har lov til å dele på DelRett
Finn, lån og lever
- Søk i biblioteket sin base eller gå direkte til eit av hurtigsøka våre.
- Lån: Alt som skal tas med ut av biblioteket skal registrerast. Lån kan registrerast hjå bibliotekaren, på utlånsautomaten eller i sjølvbetjeningspermen.
Det er best å bruke fysisk eller digitalt nasjonalt lånekort, men hjå bibliotekar kan du også bruke fødselsdato/namn og på utlånsautomaten kan du logge inn med Feide. - Innlevering: Lever til bibliotekaren eller legg på skrivebordet hennar dersom ho er vekke.
- E-bøker og e-lydbøker på norsk og engelsk.
Opningstider
Skulebiblioteket er ope:
- Måndag - torsdag: kl. 08.00- 19.00
- Fredag: kl. 08.00 - 14.30
Ta kontakt
Send e-post, melding på Its learning eller ring 5533 8222.