Google er verdas største søkemotor og du finn ofte det du leitar etter. Det går imidlertid an å bruke Google på ein meir effektiv måte enn dei fleste av oss gjer til dagleg.
Nokre tips
- Bruk alltid fleire søkeord slik at du får færre og meir presise treff! Du kan skrive dei etter kvarandre i søkefeltet.
- Dersom du er sikker på rekkefølga av ord du leitar etter kan du setje frasen i hermeteikn. F.eks.: "NATO og USA støtter opp om ukraina"
- Dersom du ser etter treff frå ein bestemt nettstad er sitesøk effektiv! (Sjå bildet.)
- Får du for få treff? Prøve å bruke synonym (andre ord som betyr det samme).
- Får du for mange treff? Prøv å snevre inn på dato. (Sjå bildet)
- Ser du etter vitskaplege artiklar? Då er det betre å bruke Google Scholar!
Sølvberget bibliotek i Stavanger har fleire tips.
