Hopp til hovedinnhold

Kjeldekritikk

Kjeldekritikk er å vurdere avsendaren av eit stykke informasjon og kor truverdig informasjonen er. Kjeldekritikk blir brukt både av dei som brukar media og av dei som lagar medieinnhald. (https://snl.no/kildekritikk)

Falske nyheiter? Stopp, tenk, sjekk

Tone

Forkortelsen TONE blir ofte brukt på metoden vi brukar for ikkje å blir lurt til å tru eller dele noko som ikkje er sant. 

Truverdig - er kjelda til å stole på?

Kan du sjå kven som står bak innhaldet? Er det nokon som kan saka godt? Dersom du ikkje finn noko namn er det lurt å undersøke om andre kjelder seier det samme. 

Objektivitet - er kjelda nøytral?

Kvifor skriv kjelda om saka? For å informere eller kan dei ha interesser som påverkar innhaldet i ein bestemt retning? Saka kan vere reklame utan at det er lett å sjå. Sjekk om andre kjelder seier det samme eller kanskje noko heilt anna.

Nøyaktigheit - unngå juks, slurv, unøyaktigheit

Ser teksten gjennomarbeidd ut med presise opplysningar og gjerne henvisning til kjelder? Er informasjonen oppdatert i den grad den børe vere det i forhold til det du treng å vite? Det er alltid lurt å sjekke opplysningar mot andre kjelder som virkar seriøse for å sjå om dei seier det samme. 

Eigna - finn du svara du treng?

Er dette beste kjelda for å finne ut av det du lurar på? Er det andre kjelder som passar betre? 

Bruk kjeldene korrekt

Når du har funne kjelder du vil bruke i ei oppgåve er det viktig at du referer korrekt. 

Les meir om kvifor og korleis du referer/siterer kjelder

bibliotekkort

Finn, lån og lever

  • Søk i biblioteket sin base eller gå direkte til eit av hurtigsøka våre. 
  • Lån: Alt som skal tas med ut av biblioteket skal registrerast. Lån kan registrerast hjå bibliotekaren, på utlånsautomaten eller i sjølvbetjeningspermen.
    Det er best å bruke fysisk eller digitalt nasjonalt lånekort, men hjå bibliotekar kan du også bruke fødselsdato/namn og på utlånsautomaten kan du logge inn med Feide. 
  • Innlevering: Lever til bibliotekaren eller legg på skrivebordet hennar dersom ho er vekke. 
  • E-bøker og e-lydbøker på norsk og engelsk.