Hopp til hovedinnhold

Lærarinfo

Søke- og informasjonstenester for lærarane eller med utvida lærartilgangar.

Til biblioteket si heimeside

Innloggingsinfo - Filmrommet, Filmbib, m.m.

AV-sentralen (kun for lærarar)

Gratis nedlasting av over 2600 program som har gått på NRK, m.a. mange BBC-program. Programma kan lagrast på datamaskina sin harddisk, minnepinne eller ekstern harddisk. Opptaka skal brukast i skulesamanheng og kan ikkje delast med andre enn godkjente brukarar.

Registrer deg som brukar med namn og jobb-epost. Spør biblioteket om hjelp til registrering eller nedlasting dersom du har behov for det.

Nettbasert klikkefilmteneste som tilbyr skolar, bibliotek og offentlege institusjonar tilgang til over 2400 filmar. Søking er tilgjengeleg for alle, men framvising berre tilgjengeleg for tilsette på Bergen Katedralskole.

Creaza

Nettbasert læremiddel som lar elevar og lærarar skape flotte digitale forteljingar, tekineseriar, filmar, podkastar, lydmiksar, tankekart og presentasjonar. Innlogging med Feide.

Watch videos - engelsk, fransk, spansk, tysk

Videoressurs for framandspråklærarar. Innlogging via Feide.
Ta kontakt med skulebiblioteket dersom du treng tilgang.

Læremiddelportal med både gratis og betalt innhald frå fleire forlag, organisasjonar og mediehus. Alt innhald er knytta opp mot kompetansemåla i fagfornyinga og læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Innlogging med Feide.

ASK studio

VGS-pensum på video. Logg inn med Feide.
Last ned brukarrettleiing

IB Questionbank (kun for IB-lærarar i realfaga)

The Questionbank searchable online databases contain hundreds of examination questions, markschemes, and subject reports that align with the current International Baccalaureate syllabi for various subjects. New IB science teachers who needs access should contact the school library.

JSTOR (også for elevane)

JSTOR is a growing digital library of academic journals, books and primary sources. Articles and books can be read online, downloaded and shared with others.

Login info can be found in Its learning.
Search and research help can be found in the JSTOR LibGuides, the JSTOR student support page and in our JSTOR Workspace video.

Plagiatkontroll med tilgang til mykje større base enn den som er innebygd i Its Learning. Lærarar som vil ha tilgang kan kontakte Eva eller Gillian.

Turnitin infograf - The Plagiarism Spectrum

DelRett - Lærerguide 

Info om kva du som lærar må vite om opphavsrett. 

Studienett - gratis lærartilgang

Info om gratis lærartilgang til Studienett: Lærarar kan få gratis tilgang til Studienett.no ved å følge instruksen på denne nettsida: https://www.studienett.no/faq/studienett-vip/jeg-er-laerer-kan-jeg-faa-gratis-tilgang-til-studienett

Britannica School Edition (har litt ekstra lærarsnadder)

Leksikon med profesjonelle forfattarar, tilgang til mange primærkjelder og kvalitetssikra nettsider. Artiklar på tre forskjellige nivå gjer det veleigna for alle elevar, uansett engelskkunnskapar. All tekst kan lesast høgt og ordbok er innebygd. 

Alle brukarar kan etter innlogging opprette sitt eige område på My Britannica der ein kan lagre artiklar, dele med andre, m.m. Lærarar får tilgang til ein del ekstraressursar, m.a. kopling mot IB-læreplanar, ved å registrere seg med skolekode. Koden får du på skolebiblioteket.

 

Lærarane kan reservere klassesett på skulebiblioteket. Det greiaste for bibliotekaren er at elevane sjølv kjem og lånar bøkene. Dersom det er vanskelig kan læraren ta med seg settet og administrere utlånet til elevane.

Hugs også at alt vi har kan søkast opp i biblioteket sin database

Elevar med dokumenterte lese-/skrivevanskar har rett på lydutgåver av lærebøker og annan litteratur frå Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek. NLB har og mange titlar på engelsk og lånarar kan få tilgang til Bookshare der over 600 000 titlar er innlest med syntetisk stemme. Lånerett hjå Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek er også gyldig etter vgs. Elevar brukar appen Lydhør for å høyre bøker frå NLB.

På BKS: Rådgjevarar får sjå dokumentasjonen og gjer beskjed vidare til Eva som registrerer elevane hjå Statped/NLB og bestiller andre lydutgåver der det er naudsynt.

På Kyrre: Janne tar seg av det praktiske

Rettslærelærarane har eigen tilgang med brukarnamn og passord. Eventuelle andre lærarar som treng tilgang til Lovdata Pro må ta kontakt med biblioteket.

Elevane har tilgang til bibliotekversjonen av Lovdata Pro når dei er på skulen sitt nett, denne tilgangen har ikkje lærarar.

Vanleg Lovdata fungerer overalt.

Lån bibliotekaren

Bibliotekaren på Bergen Katedralskole kan komme ut i klassar (også på VO og Kyrre), til mindre grupper, til enkeltpersonar eller på lærarsamlingar, og orientere om forskjellige ting på norsk eller engelsk. Eg er gjerne også med på opplegg over fleire timar.

  • Informasjon om bibliotektenesta på BKS 
  • Søking og bruk av Atekst, Britannica school edition, JSTOR, Nasjonalbiblioteket/Bokhylla sine søketenester, AV-sentralen, TV2 Elevkanalen. andre databasar eller generell søking på Internett.
  • Informasjonskompetanse - Informasjonssøking, kjeldekritikk og kjeldehenvisningar
  • Zotero (Referansehandteringsverktøy) eller referanseverktøyet i Word
  • Bokpresentasjonar - leseprosjekt
  • Arbeid med fordjupningsemne / Extended Essay / andre oppgåver
  • E - lån Hordaland - Bookbites
  • og anna - spør, så ser vi kva vi får til

 

Kontakt biblioteket og avtal emne, tid og stad.

bibliotekkort

Finn, lån og lever

  • Søk i biblioteket sin base eller gå direkte til eit av hurtigsøka våre. 
  • Lån: Alt som skal tas med ut av biblioteket skal registrerast. Lån kan registrerast hjå bibliotekaren, på utlånsautomaten eller i sjølvbetjeningspermen.
    Det er best å bruke fysisk eller digitalt nasjonalt lånekort, men hjå bibliotekar kan du også bruke fødselsdato/namn og på utlånsautomaten kan du logge inn med Feide. 
  • Innlevering: Lever til bibliotekaren eller legg på skrivebordet hennar dersom ho er vekke. 
  • E-bøker og e-lydbøker på norsk og engelsk.