To lag frå Bergen katedralskole deltok på CanSat-konkurransen som blir arrangert på Andøya Space. Konkurransen er i regi av ESA. Elevane i teknologi og forskingslære 1 har laga CanSat-satellittar. Konkurransen består av to delar: Eit primæroppdrag der temperatur og høgd skal loggast, og eit fritt valt sekundæroppdrag. CanSat er eit læringsprosjekt som har som mål å læra STEM-fag (Science, Technology, Engineering and Mathematics) ved å bruka verdsrommet som tema.
Begge gruppene frå skulen fekk skryt for arbeidet dei har lagt ned, og det dei har fått til. Skulen er også imponert over kva gruppene har fått til, og gratulerer alle i gruppa Project RAISE med sigeren. Etter ei lang reise kom me fram til Andøya søndag. Dagane fram til oppskyting onsdag gjekk med til å klargjera satellittane for oppskyting. Onsdag vart det skote opp 5 rakettar med totalt 9 satellittar. Det var planlagt at rakettane skulle gå 1000 meter på cirka 10 sekund. Med fallskjerm skulle satellittane bruka eitt minutt på vegen ned. Vêret var perfekt for oppskyting onsdagen.
Torsdag vart brukt til å behandla innsamla data og klargjera til presentasjon av resultat og erfaring.
Bilete


