I veke 11 reiste sju elevar frå Vg3 til Belgia for Erasmus-utveksling. Prosjektet er knytt til demokrati og medborgarskap. Elevane fekk i haust besøk frå belgiske elevar og fekk vist dei Bergen med tur til Ulriken, besøk på Bryggen og arbeid med EU. No var det deira tur til å reise. På programmet stod mellom anna besøk i Brussel kor me fekk sjå EU-parlamentet, eit EU-rollespel i eit typisk belgisk klasserom og eit lærerikt besøk på Afrikamuseet i Tervuren.

+
-
Se større bilde

+
-
Se større bilde

+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene
Det vart travle og innhaldsrike dagar for elevar og lærarar og vi reiste frå Belgia rikare på inntrykk og med masse god sjokolade i bagasjen.