Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevar får seie meininga si om læring og trivsel i skulen. Svara blir brukte av skulen, kommunen og staten for å følgje opp skulemiljøet og trivselen til elevane.
Elevane oppgir ikkje namn, og det er ikkje knytt personnummer til svara. Det er difor vanskeleg å finne ut av kven som har svart kva i undersøkinga. I nokre få tilfelle (til dømes ved små skular), kan det likevel vere ein risiko for at nokon kan kjenne igjen kven som har svart kva. Difor er det svært strenge reglar for visning av resultat frå undersøkinga til skulen, skuleeigar og dei statlege utdanningsstyresmaktene. Resultat frå undersøkinga skal ikkje publiserast på ein måte som gjer det mogleg å kjenne igjen svaret til elevane.
Utdanningsdirektoratet har ansvaret for at svara i Elevundersøkinga blir lagra og brukt på rett måte. Svara frå Elevundersøkinga blir lagra så lenge det er nødvendig, og kan bli brukt til forsking og statistikk og kan lagrast i arkiv. Statistikk frå undersøkinga er tilgjengeleg på udir.no.