Vg2-elevar i tyskgruppene hadde besøk frå elevar ved Goethe Gymnasium i Berlin frå 14.-19. oktober. Vi hadde besøkt dei i mai, så no gledde vi oss til å få dei hit til Bergen på besøk. Det var ein svært blid og positiv gjeng med norske og tyske elevar som deltok. Med Berekraft som overordna tema drog vi på fine utflukter i Bergen, og vi var heldige med fint vêr dei fleste dagane
Dyrke- og matkurset på Lystgården på Landås var både lærerikt og koseleg, og mange vart overraska over kor fin den lengste sykkeltunnelen i verda er då vi drog på bysykkeltur gjennom tunnelen.
Spikking og grilling av pinnebrød ved Skomakerdiket lét også til å falle i smak, og tacofredag på personalrommet vart eit hyggjeleg kaos med knivmangel og god mat.
Også elevane våre opplevde fleire sider ved Bergen som var nytt for dei i løpet av veka, og syntest vi hadde kjekke dagar saman. Under presentasjonane siste kvelden samanfatta fleire av dei tyske elevane elevutvekslinga med at dei ønskte å komme tilbake, og med nokre norske uttrykk som dei hadde lært seg.
Vi ser fram til neste elevutveksling:)