Hopp til hovedinnhold

Europameister på Katten

Glade vinnarar

Blant dei supre elevane våre her på Katten er det mange som driv med andre ting enn berre skule – kven skulle tru det? 8.-10. november var vg-1-elev Maren Gullbraa i Athen for å delta i Junior-EM i undervassrugby med landslaget.

Noreg deltok med både dame- og herrelag i U21-EM. Begge laga kjempa knallbra, og damene drog i land sigeren mot Tyrkia i finalen. Maren kom heim til Bergen med gull i bagen. Dei unge herrane tok sølv.

Katten gratulerer med EM-GULL!