Hopp til hovedinnhold

Vinner av open klasse - Ocean Space Race

Båtar i konkurranse på Ocean Space Race

Endeleg har Teknologi og forskninglære kunna reisa til Trondheim for å delta på Ocean Space Race igjen. Elevane har arbeidd i fleire månader for å bli ferdig med båtane. Elevane har sjølve konsturet og bygd båtane. Den spesielle konstruksjonen dei satsa på er ein Flettner-skip-konstruksjon. Eit roterande tårn skal skapa undertrykk på ei side av tårnet og overtrykk på motsett side. På denne måten skal båtane få auka framdrift og spara drivstoff.

Ocean Space Race er ein konkurranse for elevar som tar faget Teknologi og forskningslære. Det er ulike klassar og konkurransar. Sjølve konkurransen blir arrangert på NTNU og Marinteknisk senter i Trondheim. Elevane har konstruert båtane sjølv, og brukt 3D-printar og laserbrennar for å laga delar til båtane, og byggd dei. Denne prosessen har gått over fleire månader, og vi er stolte av å gratulera elevane med siger i open klasse.