Hopp til hovedinnhold

Open skule i haustferien

Bilete av ei timeplan for open skole i haustferien

Haustferien er over og skulen er i gang som normalt. For elevar som ikkje reiste bort i haustferien, heldt vi skulen open. Vi hadde eit fagleg tilbod frå klokka 10 til 14, og moglegheit for sosiale aktivitetar etter dette.

Det var mange påmelde, men ikkje fullt så mange som kom. Vi har under heile streiken hatt open skule, og dette fortsette i haustferien. Vi hadde mange som stilte opp som faghjelp i ulike fag. Elevane kunne komma på skulen jobba med fag og få trygd til dette undervegs. Dette var meint som eit tilbod for dei av elevane våre som ikkje reiste bort, og som hadde lyst til å treffa andre elevar, og samtidig jobba med fag. Vi opplevde at dei som kom fekk tid til å konsentrera seg om faga dei ønskt. Gratis lønsj i kantina vart spandert av skulen til alle som møtte.