Hopp til hovedinnhold

Sistemann ut

Deltakarar

Sistemann ut er eit TV program som går på TV-Noreg. Her skal deltakarane gjennom oppgåver av svært ulik grad. For kvar konkurranse ryk ein deltakar ut. Vi gjennomførte sistemann ut med deltakarar frå Vg1, Innføring, 2IB, nokre Vg2 elevar og dessutan ein lærar.

Oppgåvene varierete frå å kaste papirfly over 7 meter, til å få den lengste dorullen ved å halde fast i enden av dorullen medan deltakarane rulla ut dorullen over golvet. Det var god stemning heile vegen. Finaleomgangen vart avgjord ved at tre finalistar skulle skru saman ein IKEA krakk. Dette skapte engasjement og spenning i ein skulekvardag der eksamen er unnagjord og berre avslutningar står att. Vinnaren vart Liam, som vann pizza til heile klassen.