I konkurranse med elevar frå 60 skular landet rundt, klarte Katten-elev Dina Marie Galta-Opheim frå 3D å kome seg heilt til finalen i talekonkurransen Ta ordet!
Med ein tale om kor mykje det kan bety å bruke litt mindre tid på skjerm og litt meir tid med besteforeldre, stod Dina på scena på Det Vestnorske Teateret saman med fem andre finalistar. Ein tale som slo eit slag for kondomet gjekk av med sigeren, men Dina stod
definitivt for kveldens mest rørande innslag. Gratulerer med fantastisk innsats og ein nydeleg tale!