12 elevar frå tyskklassar på VG1 var på utveksling til Berlin, Tyskland frå 29. april til 4. mai. Der budde elevane i tyske vertsfamiliar og deltok på skuleopplegg knytt til temaet berekraft. Elevane fekk oppleva Berlin, praktisert tysk og fekk nye kjenningar i eit nytt land. I oktober kjem dei tyske vertselevane på besøk til Bergen Katedralskole og skal bu hjå dei norske elevane. Me takkar for ein flott utvekslingstur og eit godt samarbeid med Goethe Gymnasium i Berlin
+
-
Se større bilde
+
-
Se større bilde
+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene