Kjemiolympiaden, ein konkurranse som har vorte arrangert sidan 1968, vart i år halden 21. mars. Oppgåvene i finalen dekkjer læreplanen i kjemi 1 og 2, men også noko utover dette. Best i finalen vart Jonathan Jakobsen frå Bergen katedralskole. Vi gratulerer med imponerande innsats og ferdigheiter i faget!
Til finalerunden blir det delt ut temahefte for teorien som ikkje er dekt av kjemi 1 og 2. Vinnaren av det norske finalen går vidare til nordisk finale i Gøteborg og den internasjonale kjemiolympiaden i Dubai.