Bergen Katedralskole avdeling Kyrre, er eit tilpassa skuletilbod. Det er for deg mellom 16 og 24 år som har psykiske vanskar, er i behandling, og treng å fullføre studiespesialiserande fag. Du kan oppnå studiekompetanse.
Søk skuleplass hos oss
Søknadsfrist er 1. februar 2025
Søknaden gjeld skuleplass, ikkje fag. (Du søkjer om fag seinare i prosessen, i ein samtale mellom deg og rådgjevar.)
Søk på vigo.no
- Min kontaktinformasjon: Sjekk info. – Bekreft
- Velg søknad heimfylke – Vestland
- Innleiande spørsmål: Velg din nasjonalitet, målform – Lagre
- Hjelpeinstans: (behandlar, føresette eller søkjar.)
- Opplæring i skule: Velg Individuell. Velg: § 4-20 (Vg1) § 4-13 (Vg2, Vg3) Fyll ut vedleggsskjema for 1. februar søkjarar. Der kan du velgje Kyrre som alternativ.(Gå attende til Vigo etter at skjema er send.)
- Velg 3 skular: Velg Kyrre som skule nr. 1, om du ønskjer dette. For å søkje Kyrre MÅ du velgje nivå Vg1, Studiespesialisering, komprimert løp.
- Det må velgjast Bergen katedralskole, om du ønskjer Kyrre.
- Velg matematikk og framandspråk du ønskjer.
- For søknad til Kyrre må behandlar/lege/du, sende inn behandlaruttale.
Undervisinga
Undervisinga er organisert i grupper på mellom 8-15 elevar.
Tilrettelegginga vår har fokus på at du treng tid til utdanning og helse for å kunne fullføre vgs., difor har du ikkje full timeplan. Vi har delkurstilbod med mellom 2 og 22 timar i veka.
Tilbodet er ikkje lagt opp til ein til ein-undervising. Du må difor kunne møte fysisk på skulen.
Alle elevar må sende/levere inn ny behandlaruttale kvart år. Sjå kva som bør stå i uttalen og adressa til skulen: behandlaruttale
Har du spørsmål kring søknaden din, kan du ta kontakt med Vestland fylke, Inntakskontoret på tlf. 51 20 71 17. Ekspedisjonstid:10.00-14-00, e-post: inntak@vlfk.no
Les meir om fagtilbodet her.
Vi har fokus på eit trygt læringsmiljø, relasjonsbygging og meistring. Les meir om elevmiljøet på Kyrre
Digital lånekontrakt
Før du kan låne lærebøker på skulen, må du ha signert ei digital lånekontrakt.
Du må også ha eit nasjonalt lånekort/bibliotekkort for å få låne lærebøker. Det får du på alle offentlege bibliotek.Ta med ID. Har du eit slikt gyldig kort frå før, treng du ikkje å skaffe deg eit nytt. Elektronisk lånekort fungerer også bra. Utlånstida er 1 skuleår.
Lånekassen
Når du søkjer Lånekassen om stipend/lån må du velje "Nei" på "hent informasjon frå Vigo". Då skal du kunne finne Bergen katedralskole avd. Kyrre som skuleval.
- Søknadsfrist: 1. februar.
- Dette må vere med i ein behandlaruttale.
- Elev-PC og IT tenester
- Søknad om fritak
Når det gjeld søknader til skulen om diverse fritak, søkjer du no sjølv på Visma InSchool (VIS). Logg deg inn i VIS. - Lånekassen: Når du søkjer om lån/stipend må du velge nei til Vigo og velge Bergen katedralskole avd. Kyrre på skulenamn. (Då vil søknaden din kome til Kyrre.)
- Skoleskyss: Treng du drosje til og frå skulen må skulen søke for deg. For at vi skal kunne gjere det må ferdig utfylt legeerklæring mal-for-legeerklaring.pdf (skyss.no) leverast/sendast skolen.
- Lærebokutlån: Alle som skal låne lærebøker må ha nasjonalt lånekort. Elevar som ikkje har gått på vgs før, må også signere digital lånekontrakt. Les meir
- Følg oss på Snap: kyrrevgs
Har du spørsmål?
Ta kontakt med oss
Måndag-onsdag: 08:00-15:30
Torsdag: 08:00-15:00
Fredag: 08:00-14:30
Tlf. 94 00 69 35. E-post: post.kyrre@vlfk.no
Elevtelefon (kun for elevar): 94 17 41 08.
Post/besøksadresse: Bergen katedralskole avd. Kyrre, Lars Hilles gate 20B, 5008 Bergen.
- Avdelingsleiar Helge Ø. Andersen - tlf. 41 40 77 59
- Rådgjevar Nathalie L. K. Ponroy - tlf. 94 00 19 66