Hopp til hovedinnhold

Elevmiljøet vårt.

På Kyrre ønsker vi å styrke elevane sine personlege eigenskapar og sosiale ferdigheiter.

Eit godt psykosolsialt miljø er viktig for å skape gode læringsmiljø for elevane. På Kyrre har vi mellom anna eigen miljøterapeut som bidreg til å styrke det sosiale miljøet. Ho heiter Katrine, og er på skolen kvar dag mellom klokka 08.00 til 15.30.

Døme på ting ho kan hjelpe deg med er: Ein til ein samtalar, gruppesamtalar, teknikkar for å redusere stress og støttesamtalar i ulike former. Katrine er også utdanna innan ART, og ho tilbyr ulike kurs innan sosial kompetanse. Ho arrangerer også sosiale tiltak som til dømes; foredrag, turdagar, skidag, oppstartsveke og ev. andre ting.

Katrine er også engasjert i skolens elevrådsarbeid, og følgjer tillitsvalde tett opp. 

Vi har også tilsett ein erfaringskonsulent - Anniken. Ho er i miljøet for å styrke det sosiale miljøet. Ho er på skulen tysdag, torsdag og fredag.

På Kyrre er torsdagar satt av til det TORSDAGSTREFF mellom kl. 13.45 og 15.30.  På torsdagtreffet er det ulike aktivitetar som til dømes; spel, quiz, turar, lesesirkel. Ofte vert det servert noko å ete.

Vi samarbeidar også med Griegakademiet og Kom Nærmere i samband med musikkverkstaden vår. Det er eit midlertidleg tilbod. Musikkterapeutene våre tilbyr både ein til ein timar og gruppetimar.