Hopp til hovedinnhold

Elevmiljø

På Bergen Katedralskole er vi opptatt av at elevane skal trivast. Vi ønsker at elevane skal møta eit godt læringsmiljø. Ei viktig hjelp for dette er å ha venner og føla seg trygg. På Bergen Katedralskole har vi faste møte med elevrådet. I tillegg er det mange lag og foreiningar. Desse kan eleven velja å bli medlem av. Det er ikkje nødvendig å bli medlem i ei foreining for å ha det fint på skulen. Det er likevel stort spenn i kva lag og foreiningar jobbar med. Kanskje er det noko du engasjerer deg for?

Elevrådet representerer elevane overfor rektor og andre som bestemmer på skolen. Er det noko du ønsker å forandre på skolen, kan du ta det opp i elevrådet med klasserepresentanten din eller andre medlemmar. Vil du bidra til å lage eit godt skolemiljø, kan du engasjere deg som elevrådsrepresentant.

Elevrådet har møte omtrent ein gong i månaden og har éin representant frå kvar klasse. Møte i elevrådet gir gyldig fråvær.

Elevrådsstyret 2021/2022

  • Elevrådsleiar: Åsne Meltvik 3C
  • Nestleiar: Synne Pedersen Drægni 3D
  • Sekretær: Jørgen Galdal 3D
  • Økonomiansvarleg: Niclas Karlsen 3D
  • Informasjonsansvarleg: Maria Sandvik Ebbing 3D
  • Solidaritetsansvarleg: Melanie Paz Reichel 3B
  • Miljøansvarlege: Knut Oppheim 3D og Ella Lillebø Holst 2E

Skulen har mange lag og foreiningar. Dette er ein god måte å finna venar på. Det er òg ein god måte å bruka engasjementet sitt på. Det er mange lag og foreiningar, noko for ei kvar interesse.

Les meir om lag og foreiningar

Kva som skjer på skolen kan variere frå år til år. Dei siste åra har vi hatt revy, kanonballturnering og bordtennisturnering. Andre faste innslag er samanristingsturen til Katteli for Vg1, Internasjonal dag, Solidaritetsdag, juleshowet og sommershowet. 

Ellers er også mange av elevane på Katten med på ting som: