Hopp til hovedinnhold

Kattenuken 24

Morten Hammerborg om Bergenseren

Då har roa senka seg etter Kattenuken. Det er første gong me har sett timeplanen til side og sett heile skulen i sving med eit felles prosjekt, Bergen 2050. Kanskje er dette starten på ein ny tradisjon og årleg storhending? Nokre utfordringar har det vore, men alt i alt ei vellykka veke.

I løpet av veka har elevane jobba på tvers av trinn, og gruppene har vore ganske sjølvstendige i arbeidet.  Mange av tilbakemeldingane på dette har vore positive. Nye vennskap har oppstått og elevar har blitt kjende på tvers av klassar og klassetrinn. I løpet av veka har vi hatt fleire foredrag: Sigrun Lindaas Norhagen opna konferansen med foredrag om praktisk bruk av KI. Morten Hammerborg gav elevane eit perspektiv på det å vere bergensar. Mia Chamberlain, som er avtroppande leiar for Natur og Ungdom vart tvinga til å halde foredraget sitt om klima via video, då vêret sette ein stoppar for turen over fjellet. 

Elevane har lese bøkene StargateAv måneskinn gror det ingenting og Kvit, norsk mann. Dette enda i eit bokbad med Grethe Fatima Syed og Beatrice Reed som leiarar for bokbad, og elevar som panel. Det heile vart avslutta med konsert med Kristi Brud. 

Det er levert ei imponerande mengd arbeid som viser kreativitet, saklegheit og ikkje minst kunnskap. Det heile har resultert i filmar med humor og alvor: Lange teoritunge dokument og analysar, presentasjonar og nettsider. På avslutningsdagen heldt gruppene ein kort presentasjon for dei tre klassane som var i same gruppe.