Hopp til hovedinnhold

Lovrenski på forfattarbesøk

Katten var så heldig å få besøk av litterær shooting star Oliver Lovrenski 14.02. Han snakka om boka si og fortalde om kor viktig skrivinga hadde vore for han: Skriving er eit godt verktøy for å sortere tankar.

Lovrenski hadde mykje livsvisdom å dele med oss, og  sitat vi tek med oss vidare er: 
 
"Ungdom treng ikkje bøker som skal rettleie dei, dei treng ressursar og vaksne!"
"Dei vala du tek som 16-åring er basert på det som skjedde med deg då du var 10- og 13-åring. Men du hadde ikkje kontroll som barn!"
"Alle her inne veit kva vi må gjere meir av og kva vi bør kutte ut frå liva våre!" 
"Kriser gjer deg sterkare, så lenge du ikkje døyr eller får ein lang dom!"