Hopp til hovedinnhold

Ungdata-undersøkinga 2024

Elevar i fysikk

I år blir Ungdata-undersøkinga gjennomført på vidaregåande skolar i Vestland Fylkeskommune i veke 4 - 7. Føremålet er at undersøkinga skal gje eit godt bilete av oppvekstsituasjonen til ungdom i lokalområdet.

Den skal gje ungdommen ei moglegheit til å fortelje lokale politikarar og styresmakter om korleis det er å vekse opp i dag. Underskøkinga skal og skaffe ny kunnskap om ungdommen sine
oppvekstvilkår til bruk i kommunen og fylkeskommunen sitt arbeid med denne
aldersgruppa. Den skal og gjere det mogleg å samanlikne kommunen med andre kommunar og nasjonale tal, og bidra til forsking.