Hopp til hovedinnhold

Elevmiljøet vårt.

På Kyrre ønsker vi å styrke elevane sine personlege eigenskapar og sosiale ferdigheiter.

Eit godt psykosolsialt miljø er viktig for å skape gode læringsmiljø for elevane. På Kyrre har vi mellom anna eigen miljøterapeut som bidreg til å styrke det sosiale miljøet. Ho heiter Katrine, og er på skolen kvar dag mellom klokka 08.00 til 15.30.

Døme på ting ho kan hjelpe deg med er: Ein til ein samtalar, gruppesamtalar, teknikkar for å redusere stress og støttesamtalar i ulike former. Katrine er også utdanna innan ART, og ho tilbyr ulike kurs innan sosial kompetanse. Ho arrangerer også sosiale tiltak som til dømes; foredrag, turdagar, skidag, oppstartsveke og ev. andre ting.

Katrine er også engasjert i skolens elevrådsarbeid, og følgjer tillitsvalde tett opp. 

På Kyrre er torsdagar satt av til det TORSDAGSTREFF mellom kl. 13.45 og 15.30.  På torsdagtreffet er det ulike aktivitetar som til dømes; spel, quiz, turar, lesesirkel. Ofte vert det servert noko å ete.

Vi samarbeidar også med Griegakademiet og Kom Nærmere i samband med musikkverkstaden vår. Det er eit midlertidleg tilbod. Musikkterapeutene våre tilbyr både ein til ein timar og gruppetimar.